Nyttårskonsert

Silje Aarflot og Marie Austrheim. Fotokjelde: Hjørundfjordportalen
Søndag, 13 januar, 2013 klokka 16:00

Ørsta Hornmusikk skal også i år arrangere nyttårskonserten. Korpset lovar ekstra mykje liv og røre på scena, med to dyktige og lokale musikarar i spissen. Dei har fått med oss Marie Austrheim frå Ørsta og Silje Aarflot frå Volda og dirigent er Arild Andenes. Dei to jentene har samarbeida tidlegare, og har mellom anna turnert litt på Sunnmøre med sin eigen Musikal Cabaret.

Mange av songane er henta frå kabareten. Silje Aarflot skal vere solist, mens Marie Austrheim skal spele piano og kore. Arild Andenes trur stykka som er valt ut vil vere lett å kjenne att for dei fleste, og det er med mange julesongar, så ein kan kanskje kalle det både ein julekonsert og ein nyttårskonsert. Blant stykka med solist er Santa Baby, Working nine to five, Let it snow, On My Own og Jeg så mamma kysse nissen.

Silje Aarflot har vore solist for korps ein gong tidlegare, men kanskje av ein litt anna skala enn Ørsta Hornmusikk. Det var med eit militærorkester i London. Dei var skikkeleg flinke, og det var utruleg kult å vere med på, seier Silje. Ho meiner hornmusikken er på om lag same nivå. Aarflot har gått tre år på musikallina på skulen London Millenium Performing Arts. Dermed er det duka for meir enn berre song på scena på nyttårskonserten. Det vert både kostymeskifte og litt dans, lovar Aarflot. Også Marie Austrheim er ein solid musikar hornmusikken er glade for å ha med på laget. Ho har master i musikkvitskap frå Musikkhøgskulen i Oslo, er organist i kyrkja, og er elles eit kjent andlet for mange i Ørsta og Volda. Arild Andenes trur nyttårskonserten 13. januar vert ein av dei betre. – Vi har gode stykke med solist, og vi har mykje godt korpsstoff, fortel han. Blant dei reine korpsstykka vert det innslag av både James Bond og Indiana Jones. Og for dei marsjglade har korpset dykka i arkivet og henta fram eit stort arrangement av Colonel Bogey.

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: 
Tema: