Nyttårskonsert med Cervix vocales og Herøy janitsjar

Herøy Janitsjar og Cervix Vocales. Fotokjelde: Fosnavåg konserthus.
Herøy Janitsjar og Cervix Vocales. Fotokjelde: Fosnavåg konserthus.
Laurdag, 21 januar, 2017 klokka 19:00

Ei solid nyttårsfeiring må til!

Wien har sine nyttårskonsertar, og kva er vel meir naturleg enn at Fosnavåg Konserthus skal ha sine. Årets lokale nyttårskonsert får vi oppleve denne laurdagen. 

Herøy Janitsjar og Cervix Vocales arrangerte i fjor adventskonsert i lag. Dette samarbeidet var dei så godt nøgde med at dei har bestemt seg for å prøve ein gong til, men denne gongen i ei litt anna drakt. Medan adventsmusikken ofte er lavmælt og tankefull, er nyttårsmusikken ganske annleis. På ein nyttårskonsert kan ein forvente både fanfarar og jubel, men også litt tid for ettertanke. 

Cervix Vocales og Herøy Janitsjar er klare for å by publikummet sitt på feiande marsjar, standard-svisker, filmmusikk, pop-balladar og storslåtte fellesnummer.

Både kor og korps er klare for å presentere ei feststund under sin felles dirigent Øyvind Granden Berg. Ta med heile familien og få ein musikalsk og fin start på året. 

Stad
Fosnavåg Konserthus
6091
Fosnavåg
Kommune: 
Tema: