Nyttårskonsert med HDU og Ulf

Hallvar Djupvik. Pressebilete. Kjelde: Sjøborg Kulturhus.
Hallvar Djupvik. Pressebilete. Kjelde: Sjøborg Kulturhus.
Stephanie Lippert Djupvik. Pressebilete. Kjelde: Sjøborg Kulturhus.
Stephanie Lippert Djupvik. Pressebilete. Kjelde: Sjøborg Kulturhus.
Laurdag, 10 januar, 2015 klokka 16:00
Laurdag, 10 januar, 2015 klokka 19:00

Tradisjonen tru er Musikklaget ULF og HDU nok ein gong klare til Nyttårskonsert på Sjøborg Kulturhus. Laurdag  10. januar er vi stolte av å presentere nyttårskonserten for 15. gong!

Nyttårskonserten er eit av dei store høgdepunkta gjennom sesongen! I år er vi så heldige å få samarbeide med to nye solistar; tenor Hallvar Djupvik og sopran Stephanie Lippert Djupvik. Vi gler oss!

Hallvar Djupvik: er frå Tomrefjord i Møre og Romsdal, født i 1985 og er utdanna frå konservatoriet i Kristiansand og Operaakademiet i København. Han har delteke som aktør innan forskjellege musikalske genrar dei siste åra, med hovudvekt på klassisk musikk og opera. Hallvar er tilknytta Nasjonaloperaen som solistpraktikant, med roller som Beppe i Cavalleria rusticana, Dr. Blind i Flaggermusen, Daniel i Robin Hood og 2. jøde i Salome. Han har motteke ein rekke stipend og prisar, blant anna Shell sitt musikkteaterstipend i 2010.

Stephanie Lippert Djupvik: er frå Norrtälje i Sverige, født 1985, og har studert teater på Spegelteatern i Stockholm. Etter dette starta ho privatstudier i operasong, og kom som 22-åring inn på Operaakademiet i København. I november 2010 gjorde Stephanie sin debut som «Anna» i Det Kongelige Teaters oppsetning av Nabucco. I løpet av si utdanning har ho framført ulike store rolleinnstuderingar som: «The Governess» i Turn of the screw, «Marguerite» i Faust, «Tatjana» i Eugen Onegin og «Desdemona» i Otello. Ho avslutta si operahøgskuleutdanning i mai 2012 ved å framføre «Donna Elvira» i Operaakademiet og Det Kongelige Teaters oppsetning av Don Giovanni. Etter avslutta skulegang har ho vore svært aktiv i ulike operaoppsetjingar rundt omkring.

Vi er stolte av å få samarbeide med så dyktige og erfarne solistar. Det er våre dyktige kvinnelege maestroar som har det musikalsk ansvaret for denne feiande flotte konserten, Marianne K. Slyngstadli og Jette Hougaard Degn. Programmet for konserten er variert og inneheld mellom anna flotte song- og soliststykker, humor og grandios korpsmusikk. Som vanleg har vi også nokre overraskingar på lur. Vi ynskjer alle musikkinteresserte hjarteleg velkomne til nok ein innhaldsrik og storslagen nyttårskonsert!

Billettar 
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå under), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 290,-

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Billettar i sal frå 1. desember kl 09.00.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: 
Tema: