Nyttårskonsert med HDU og Ulf

HDU og Ulf. Fotokilde: Sjøborg Kulturhus.
HDU og Ulf. Fotokilde: Sjøborg Kulturhus.
Laurdag, 16 januar, 2016 klokka 16:00

Tradisjonen tru er Musikklaget ULF og HDU nok ein gong klare til Nyttårskonsert på Sjøborg Kulturhus. Laurdag  16. januar er vi stolte av å presentere nyttårskonserten for 16. gong!

Nyttårskonserten er eit av dei store høgdepunkta gjennom sesongen! I år er vi spesielt stolte over å få med oss vår eigen lokale tenorsolist, Bror Magnus Tødenes. Vi har lenge jobba med å freiste baryton Yngve Søberg til Ulsteinvik, og i år har vi endeleg lukkast! Tødenes og Søberg har to unike stemmer, som saman vil gi oss ei fantastisk konsertoppleving. Det er berre å gle seg!

Bror Magnus Tødenes (født 1993) er oppvaksen på Eiksund i Ulstein Kommune. Han interesserte seg tidleg for musikk, og vegen gjekk frå pianotimar i åtte års alder, via elektrisk gitar i ungdomstida fram til klassisk song og opera på musikklinja på vidaregåande. Som 17 åring fekk Tødenes vere med i talentutviklingsprogrammet ”Unge Musikere” som songar ved Institutt for Musikk ved NTNU i Trondheim, og har avslutta 2. året på Bachelorstudiet i klassisk song og opera. Hausten 2014 flytta han til Roma for å studere ved Conservatorio di Musica Santa Cecilia. Der har han fordypa seg i italiensk opera og Bel Canto-stil med bl.a. professor Elizabeth Norberg-Schulz som lærer. Bror Magnus blir beskreve som ein spintotenor og har opparbeida seg eit stort og variert repertoar innan lieder og opera, samt mottatt fleire talentstipend.

Yngve Søberg (født 1978) har si utdanning frå Musikkhøyskolen i Oslo og Det Kongelige Danske Operaakademi i København. Søberg er ansatt ved Den Norske Opera og Ballet, der han gjer dei fleste hovedrollene i det romantiske repertoaret av komponistar som Verdi og Puccini. Yngve er ein ettertrakta konsertsongar, og gjestar stadig store skandinaviske orkester. «Vesentlig, oppsiktsvekkende stemmebegavelse», var ei av begrunninga då Yngve Søberg i 2012 mottok eit av Noregs største kulturstipend: Tom Wilhelmsens Stiftelses opera- og ballettpris.  Søberg har også mottatt Ruud Wallenberg Prisen og årets pris frå Den Norske Operas Venner.

Vi er stolte av å få samarbeide med så dyktige og erfarne solistar. I år er det Musikklaget ULF sin nye dirigent, Frode Dalhaug, og HDU sin dirigent Jette Hougaard Degn som har det musikalske ansvaret for Nyttårskonserten. Vi er også stolte over å kunne presentere Kjersti Kleven som årets konferansier. Programmet for konserten vil vere variert og innhaldsrikt med flotte song- og soliststykker, humor og grandios korpsmusikk. Som vanleg har vi også nokre overraskingar på lur. Vi ynskjer alle musikkinteresserte hjarteleg velkomne til nok ein storslagen nyttårskonsert! Husk, billettsalet startar allereie 1. desember.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpriskr 300,-

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Billettar i sal frå tysdag 1. desember kl 09.00.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: 
Tema: