Nyttårskonsert med Sunnivakoret og Ytre Suløen

Sunnivakoret, Per Oddvar ”Prots” Hildre, Ytre Suløens Jassensemble og solist Tricia Boutte. Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
Sunnivakoret, Per Oddvar ”Prots” Hildre, Ytre Suløens Jassensemble og solist Tricia Boutte. Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
Laurdag, 7 januar, 2017 klokka 18:00

Sunnivakoret med dirigent Per Oddvar ”Prots” Hildre, og Ytre Suløens Jassensemble med solist Tricia Boutte, inviterer til frisk start på nyåret.

Det er snart seks år sidan sist Sunnivakoret var på besøk i Fosnavåg, og det er stor stas  å ha dei tilbake! Koret har vore stabilt i antall og består, som den gongen, av ca 80 songarar, dei fleste frå Vanylven, Selje og Vågsøy, men og med fjernmedlemer. 

Samarbeidet med Ytre Suløen  starta i 2006 og har dermed passert ti år. 

Kor og orkester har og opptredd i lag i andre samanhengar, bl.a. to konsertar under festspela i Bergen i 2014 og har også planlagt konsert saman i mars, i kulturhuset på Otta.

I april dette året hadde koret ei fin oppleving i Førdehuset, då latinamerikanske rytmer stod på programmet saman med den leiande cubanske vocalgruppa Vocal Divas i Førdehuset. 

Men nyttårskonsertane betyr sørstatsgospel og Sunnivakoret og Ytre Suløen håper mange tar turen  til storstova i Fosnavåg for ei fin oppleving, fengande rytmer og ein inspirerande og positiv start på nyåret!

Stad
Fosnavåg Konserthus
6091
Fosnavåg
Kommune: 
Tema: