Nyttårskonsert med Sunnivakoret, Ytre Suløen og Tricia Boutee

Søndag, 6 januar, 2013 klokka 17:00

Sunnivakoret, med dirigent Per Oddvar Hildre og Ytre Suløen med solist Tricia Bouttee, feirar inngangen til sine jubileumsår med dei tradisjonelle nyttårskonsertane.

aurdag 5 januar får Brattvåg og Ingebrigt Davikhuset besøk av Sunnivakoret og det renommerte jassensemblet, mens det er ulsteinvikarane som får besøk søndag 6 januar i Sjøborg kulturhus, begge arenaer nye for Sunnivakoret.

Som nemnt har både Ytre Suløen og Sunnivakoret jubileum i 2013. Y.S. har snart halde det gåande i 40 år(!), mens Sunnivakoret vil bli 10 år. I åtte av desse åra har vi halde nyttårskonsertar i Nordfjord, Sunnmøre og Romsdal, eit samarbeid vi verkeleg set pris på og som også har resultert i andre opptredenar saman, bl.a. på tidlegare Sunnivafestspela i Selje, Kostarikjedagane i Syvde, samt sommarkonsertar i Sogndal og på Skei.

Vi i Sunnivakoret håper mange også i år vil finne vegen til årets nyttårskonsertar. Vi kan iallfall love ei ei svingande og kraftfull konsertoppleving i starten på det nye året, og gjerne som ein forsinka dessert etter at cupfinaleseieren(forhåpentlegvis) er godt førdøygd!

Sjøborg kulturhus, Ulsteinvik, søndag 6 januar kl 17.00

Jon-Arve Trandal
-leiar Sunnivakoret-

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå under), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 300,-

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Overnatting og mat
Quality Hotel Ulstein ligg i same hus som Sjøborg kulturhus. Dei byr på spennande menyar i restauranten og gode prisar på hotellpakkar. Ta kontakt på 70013000 eller epost q.ulstein@choice.no for meir informasjon.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: 
Tema: 

Kommentarar

Sunnivakoret er ein stor opplevelse,Den må nytast.Eg skal iallfall møte opp.Gler meg :)

Sider