Nyttårskonsert med Ulf og HDU

Musikklaget ULF og Hasund og Dimnøy Ungdomsmusikkorps. Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus.
Musikklaget ULF og Hasund og Dimnøy Ungdomsmusikkorps. Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus.
Laurdag, 12 januar, 2019 klokka 16:00

Tradisjonen tru er Musikklaget ULF og Hasund og Dimnøy Ungdomsmusikkorps nok ein gong klare for Nyttårskonsert på Sjøborg Kulturhus. Laurdag 12. januar er vi stolte av å presentere nyttårskonserten for 19. gong!

Nyttårskonserten er eit av dei store høgdepunkta gjennom sesongen for begge korpsa. I år er vi stolte av å igjen få samarbeide med fantastiske og dyktige solistar. Tenor Marius Roth Christensen og baryton Yngve A. Søberg,  har begge besøkt oss tidlegare, men nå opptrer dei saman. Solistane har unike stemmer, og vi ser fram til ei fantastisk konsertoppleving. Det er berre å gle seg!

Marius Roth Christensen (født 1972) kjem frå Tønsberg, og har ei allsidig karriere. Han vart fyrst kjent som gitarist og vokalist i det velkjente norske rockebandet Seigmen, som var store på 90-talet.  Marius gjekk utradisjonelt vidare til ei karriere som tenor innan opera. Han har gjennomført studiar ved Østlandets Musikkonservatorium og Statens Operahøyskole. Marius har hatt mange store og små roller i forskjellige operaoppsetningar både nasjonalt og internasjonalt. Deriblant ”West Side Story”, ”Jesus Christ Superstar”, ”Den Glade Enke” og ”Tryllefløyten”. Marius er også ein aktiv konsertsongar, og har blant anna gjennomført den storslagne juleturnèen ”Hanne Krogh og Tre Tenorer”. Roth Christensen har sidan 2013 vore fast medlem av solistensemblet i Nasjonaloperaen. Han er også frilanssongar med oppdrag i ulike konsertar og førestillingar, i tillegg til at han fortsatt opptrer saman med Seigmen.

Yngve A. Søberg (født 1978) har si utdanning frå Musikkhøyskolen i Oslo og Det Kongelige Danske Operaakademi i København. Søberg er tilsett ved Den Norske Opera og Ballet, der han gjer dei fleste hovudrollene i det romantiske repertoaret av komponistar som Verdi og Puccini. Yngve er ein ettertrakta konsertsongar, og gjestar stadig store skandinaviske orkester. «Vesentlig, oppsiktsvekkende stemmebegavelse», var ei av tilbakemeldinga då Yngve Søberg i 2012 fekk eit av Noregs største kulturstipend: Tom Wilhelmsens Stiftelses opera- og ballettpris. Søberg har også mottatt Ruud Wallenberg Prisen og årets pris frå Den Norske Operas Venner.

Vi er stolte av å få samarbeide med verdskjende og dyktige solistar. I år er det dirigentane, Frode Dalhaug og Jette Hougaard Holstad, som har det musikalske ansvaret for Nyttårskonserten. Vi er glade for at Kjersti Kleven også i år vil lose oss trygt gjennom konsertane, som konferansier. Programmet for konserten vil vere variert og innhaldsrikt med flotte song- og soliststykker, humor og grandios korpsmusikk. Vi ynskjer alle musikkinteresserte hjarteleg velkomne til nok ein storslagen nyttårskonsert! Husk, billettsalet startar allereie 29. november.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris 
Voksen kr 350,-
Born kr 220,- (gjeld berre på konserten kl. 16.00)

Ungdom (15-20 år) kan kjøpe billett ved Ulstein Arena og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Overnatting og mat
Treng du overnatting eller ynskjer å ete i samband med konserten? Sjøborg kulturhus er samlokalisert med Quality Hotel Ulstein. Ta gjerne kontakt med dei for tilbod på overnatting og mat, telefon 70013000 eller epost q.ulstein@choice.no.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: