"O helga natt" - Julekonsert - Magne Fremmerlid m.fl.

Magne Fremmerlid  og Charlotte Fongen. Pressebilete. Fotokjelde: Storfjord Kulturhus.
Magne Fremmerlid og Charlotte Fongen. Pressebilete. Fotokjelde: Storfjord Kulturhus.
Søndag, 18 desember, 2016 klokka 18:00

"O helga natt" - Julekonsert - Magne Fremmerlid, Charlotte Fongen, Bjørnar Myhr og Ørskog Brass

Søndag 18. desember vert det konsert med ekteparet Magne Fremmerlid og Charlotte Fongen i kulturhuset! Dette er fyrste gongen desse songarane vitjar Stranda med julekonsert!

Dei har halde på i meir enn ti år med konsertar i Skodje - og i Spjelkavik kyrkjer. I fjor utvida dei med konsert i Ørskog kyrkje, og i år kjem dei altså til Stranda.

Med seg har dei eit av dei absolutt beste brassbanda i landsdelen, Ørskog Brass, med dirigent Arnfinn Dahlhaug. Ørskog Brass var for fyrste gong med på julekonsert med Magne og Charlotte i fjor. Dette gav meirsmak både for songarar og musikantar og samarbeidet vert difor vidareført i år.

Pianisten Bjørnar Myhr vert også med og akkompagnerar. Bjørnar har etter kvart blitt fast akkompagnatør for Magne og Charlotte. Dei har saman turnert i store delar av landet med ulike program. Bjørnar er ein framifrå musikar som veit å finne dei rette stemningane i dei ulike musikksjangerane som vi her kjem til å møte.

Charlotte er klassisk skulert sopran, med utdanning både frå Barrat Due, Musikkonservatoriet og Musikkhøgskulen i Oslo. Ho arbeider no som frilans-songar, men er og tilknytt Tønsberg Domkyrkje som ansvarleg for barne- og ungdomskora der. Charlotte komponerar musikk, og er ein svært allsidig og spanande artist som veit å sjarmere publikum gjennom song og uttrykk.

Magne Fremmerlid treng vel kanskje ikkje nærare presentasjon, men han er no pensjonert frå stillinga si som solist ved Den Norske Opera og Ballett. Her var han tilsett i 19 år, og gjorde meir enn 70 ulike roller. Avtaleboka er framleis fullteikna med forestillingar ved operaer, og med konsertar i inn- og utland.

Programmet kjem til å innehalde kjende og kjære julesongar frå ulike tidsepokar og stilartar. Det kjem og til å verte rikeleg høve til å vere med å syngje på fleire av songane.

Stad
Storfjord Kulturhus
Øyna 1
6201
Stranda
Kommune: 
Tema: