Offisiell opning av nyrestaurert Gamle Vågsbru

Søndag, 21 september, 2014 klokka 14:00

Gamle Vågsbru er nyrestaurert, og det vil vi markere med ei kultursamling søndag 21. september.

Kl 1400: Oppmøte i Dragsundet. Her vil det bli orientert om ulike kulturminne i området før felles vandring i Ivar Aasenråsa over til Gamle Vågsbru. Vi trur også det vil passe å stoppe opp med nokre «stubbedikt».

Kl 1500: Samling ved Gamle Vågsbru. Her blir det offisiell opning av brua med orientering om restaureringsarbeidet. Det vil også bli servert kaffi og kaker.

Dei som vil vere med på heile samlinga, kan parkere i Dragsundet.

For dei som berre vil delta under samlinga på brua, er det råd å parkere oppe ved Plassebakken barnehage.

Stad
Skodjevågen
Kommune: