Ole Børud

Ole Børud. Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
Ole Børud. Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
Fredag, 11 september, 2015 klokka 20:00

Ole Børud kjem til Fosnavåg med blåserekke og 8 manns-orkester. Vi inviterer til klubbstemning med småbord og servering. Dørene opnar kl 1900 og det er 18-årsgrense

Vi lever i ei tid der den sjelfulle, funky sida av svunne tiårs westcoastpop - tenk Steely Dan, Michael McDonald og Bill Champlin - har fått ei voldsom renessanse blant hipstarar og andre trendy unge musikkfans i ei ironisk innpakning under banneret «yacht rock». Men pussig nok ser få av desse ut til å ha registrert at ein av verdas fremste utøvarar av denne musikkformen i samtida, er norsk. Kanskje er det fordi ironi er eit fullstendig framand ord om ein skal omtale musikken til Ole Børud. Og takk for det!  

Ikkje misforstå. Ole Børud er langt frå nokon skjult skatt, eller nokon ignorert musikar. Ikkje blant dei som bryr seg om slikt i alle fall. Søk på «Ole Børud» på YouTube, og du vil finne drøssevis av videoar der håpefulle musikantar verda over prøver å bryne seg på komposisjonar frå dei tre albuma hans, i såkalla bass-, gitar- eller trommecover. 

Det skyhøge nivået på dei musikalske prestasjonane blir meir forståelege om ein ser på bakgrunnen til Ole Børud. Som andre generasjons medlem i Børud-familien, ein musikalsk institusjon i seg sjølv, har han vore profesjonell musikar sidan han var 16, men i praksis stått på scenen på fulltid sidan han kunne stå på to bein. Først i familien sitt eige band 'Arnold B. Family'. Deretter nokon år som metalmusikar – ikkje minst i gruppa Extol, som skapte engasjement verda over med sitt comeback i 2013. Som gitarist og arrangør høyrer han til eliten av landets live- og sessionmusikarar og har jobba med artistar som Torun Eriksen, Sofian og Oslo Gospel Choir, for ikkje å snakke om hans bidrag til «Fly Away» (2009) – eit internasjonalt tributealbum til David Foster, der Børud sto «skulder mot skulder» med bidragsytarar som Bill Champlin og Mike Landau

Som liveartist har han delt scene med Andrae Crouch, varma opp for Kirk Franklin i Globen, spelt på Cotton Club i Tokyo og vore gjest med Santa Fe And The City Horns i Las Vegas.

Til Fosnavåg kjem han med fullt band, inkludert 3 blåsarar.

Stad
Fosnavåg konserthus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: 
Tema: