Ole Paus og Skodje kyrkjekor

Laurdag, 22 mars, 2014 klokka 18:00

Ole Paus, som nyleg vart kåra til årets spelemann, stiller opp saman med Skodje kyrkjekor på konserten i Ørskog kyrkje laurdag 22. mars. Med seg har dei også dei tre profesjonelle Møremusikarane: Bjørnar Myhr, Audun Skorgen og Peter Wergeni.

Skodje kyrkjekor og Ole Paus byr inn til konsert saman med Møremusikarane i Ørskog kyrkje

Det har gått nesten ti år sidan Ole Paus gav ut plata "Det begynner å bli et liv - det begynner å ligne en bønn". Den gongen samarbeidde Paus med Oslo Kammerkor. Denne gongen er det Skodje kyrkjekor som er samarbeidspartnaren. Det vert Brorson-salmar kryssa med Ole Paus sine eigne tekstar, og med kor-arrangement delvis utforma av Skodje kyrkjekor sin eigen dirigent Eli-Marita Håker Holm.

Skodje kyrkjekor framfører også meir frå repertoaret sitt, alt med fellesnemnaren folkemelodiar eller arrangement frå Møre og Romsdal.

Ole Paus skal sjølvsagt også åleine stå for ein del av konserten, med stoff henta frå dei siste plateutgjevingane sine - som han med styrke hevdar verkeleg skal vere dei siste.

Konserten vert i Ørskog kyrkje - fordi denne kyrkja er stor nok til å gi plass til alle dei som kyrkjekoret ventar vil ta del i denne konsertopplevinga. Tidspunktet er 22. mars kl. 18, og billettar kan førehandstingast på www.gomerhuset.no

Stad
Gomerhuset
Stadionvegen 25
6260
Skodje
Kommune: