Ole Reinlund & Kåre Nymark

Ole Reinlund. Foto: Bernt René Synnevåg.
Ole Reinlund. Foto: Bernt René Synnevåg.
Fredag, 22 januar, 2016 klokka 19:30

Trioen kjem for å halde ein konsert med låter frå Ole Reinlund si siste plate "OSS", som kom i 2014, samt eit knippe låter frå tidlegare album. Frå og med platedebuten «Ole og dei» i 1995 har talet på plater no passert fire.

I 2003 blei Reinlund nominert til Spellemann med albumet «For det var hit», og etter eit omflakkande tilvere med studium og arbeid over det ganske land, var det også i denne tida han flytta tilbake til Valderøya. No er han tilsett ved Ålesund videregåande skule, og spelar konsertar så mykje han får tid til. Godt er det då at han fann tid til å vitje Ingebrigt Davik-huset og Brattvåg igjen.

Ole Reinlund serverar mjuk visejazz med rørande tekstar på klingande Karmøy-dialekt.

Stad
Ingebrigt Davik-huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: 
Tema: