Om barske menn i Ivar Aasen-tunet

Dag H. Nestegard. Foto: Pål Audestad.
Torsdag, 3 oktober, 2013 klokka 20:00

Historia er full av eventyrlystne menn som gjer det andre ikkje vågar, og strekkjer grensene for kva som er mogleg. I haust kjem det ut bøker med to slike historier om nordmenn på 20- og 30-talet som tok eventyret eit steg lenger, og i tillegg gjerne la på litt ekstra når dei fortalde om sine bragder. Torsdag 3. oktober får du høyre meir om desse barske mennene i Aasen-tunet, gjennom forfattarane Dag H. Nestegard og Ole M. Ellefsen.

Sommaren 1935 flaug Thor Solberg som første nordmann frå USA til Noreg via Grønland, Island og Færøyane med eit spinkelt einmotors Loening amfibiefly. Den utrulege historia er lite kjend, og Thor Solberg var sjølv ein mann utanom det vanlege. Han dreiv business både i Noreg og i USA, var stor i kjeften og ein solid mytebyggjar. Solberg var ein del av flypionermiljøet i Brooklyn N.Y. , saman med mellom andre Charles Lindbergh.

Dette er historia om ein flygalen gut frå eit småbruk i Florø, som fekk til nesten alt han ville, men som krasjlanda rett som det var. Forfattaren Dag H. Nestegard er frå Svelgen, er utdanna journalist og arbeider som redaktør for Bok og samfunn.

Klammeri på Jan Mayen

Året er 1926. 11 menn er isolert på ei aude øy mellom alt og ingenting. Klippeøya Jan Mayen er nettopp blitt erklært som norsk territorium. Under det ruvande vulkanfjellet Beerenberg skal dei klare seg gjennom vinteren i tronge, små fangsthytter. Målet er å bli rike på revefangst. Vi følgjer karane gjennom vonbrot, krangel og glede. I desembermørket kjem dei svarte tankane. Snart må den eine rømme over fjellet for ikkje å bli slått helselaus. Dei kjem i klammeri om jaktrettane og øydelegg fellene for kvarandre. Til slutt dreg Hank, cowboyen frå Baltimore, ein Colt .38, klar til å drepe.

Den erfarne journalisten og museumsmannen Ole M. Ellefsen fekk ei skattkiste i fanget i form av fleire dagbøker skrivne av fangstmenn som overvintra på Jan Mayen.

Barsk meny

Kafeen i Aasen-tunet byd sjølvsagt også på mat av det barskare slaget denne kvelden, pizza med hjortekjøt, røyka reinsdyrhjarte og god drikke til.

Torsdag 3. oktober 20.00 Salen, Ivar Aasen-tunet

Barske menn

Kr 150 / student 100

For meir informasjon

Programansvarleg Karine Munch, tlf. 70 04 75 79 eller 909 28 563

Kommunikasjonsrådgivar Laila Walseth Lid, tlf. 70 04 75 82 eller 958 70 569

Stad
Ivar Aasen-tunet
Kommune: