Operamatiné, Mikkel Skorpen

Mikkel Skorpen og Dorina Komani. Pressefoto. Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus.
Mikkel Skorpen og Dorina Komani. Pressefoto. Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus.
Fredag, 8 juni, 2018 klokka 18:00

Operamattine på Sjøborg, er eit nytt og spennande arrangement.

Ny og spennande er for så vidt også hovudartisten tenor Mikkel Skorpen, som hadde sin debut på Sjøborg under årets nyttårskonsert i januar. Mikkel Skorpen sjarmerte då alle med si utstråling og stemmeprakt, i flott samspel med ULF/ HDU. Saman med seg på scena har Mikkel på flygel Dorina Komani.

Mattineen vil innehalde nokre av de vakraste delane av tenor-repertoaret i operaens historie. Vi vil få intermezzi av Mascagni, mykje herleg av Gounod, med tolkingar av både Faust og Romeo. Og det blir det også vakre franske og italienske arier og kanskje ei lita russisk perle av Tchaikovsky. Set av ein god time tidleg fredagskvelden, og nyt operaperler rundt eit småbord i Sjøborg.

Mikkel Skorpen har studert klassisk song ved ArtEZ Hogeschool voor de kunsten i Zwolle, Nederland og på Operahøgskolen i Oslo (KHiO). I 2012 vant Skorpen «MUSICO liedkonkurranse» i Amsterdam, og mottok i desember 2015 Erling Kroghs Sangerlegat.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, ope mån-fre 08-21 og laur-søndag 11-18, telefon 901 85 764 og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 160,-

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: