Operaperler

Bror Magnus Tødenes. Pressefoto NTNU
Bror Magnus Tødenes. Pressefoto NTNU
Elisabeth Teige. Pressefoto NTNU
Elisabeth Teige. Pressefoto NTNU
Laurdag, 8 juni, 2013 klokka 15:00

Snart er det duka for Operaperler. Då vert det høve å oppleve dei store stemmene på nært hald m.a. framføre ”det største av det største frå romantikken” i lobbyen på Sjøborg, som for høvet vert omgjort til operakafé med smakfull servering for alle sansar.

Perlene kjem trillande på bestilling frå storheiter som Verdi, Pucchini, Lehar, Shubert, Strauss m.fl. Om ein ikkje skulle kjenne komponistane så har ein fornemmelse av stor stemmekunst når ein kan love utdrag frå kjende operaer som La Traviata, Rigoletto, Turandot, Madama Butterfly, Flaggermusen for å nemne nokre. Og sjølv om det ligg ”tyngde i repertoaret”, vert det heile framført med ledigheit og humør, og krydra med anekdotar mellom innslaga. Stemmekunstnarane framfører soloariar, duettar og tersettar. Og pianisten byd og på gneistrande solospel om høvet byr seg.

Konserten i Sjøborg er ein del av turné der utøvarar med tilknyting til NTNU Institutt for musikk i Trondheim vert presentert. Dette vert eit sjeldan høve til få oppleve nokre av deira fremste songstudentar og meisterar framføre dei store songperlene.

Turen går innom sentrale "songarstadar" på Sunnmøre og i Nordfjord, og konsertrepertoaret vert unikt samansett for kvar plass. Ingen konsert i reprise. Alle som tek del er kvar for seg allereie profilerte innan sitt felt, -lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Professor Kåre Bjørkøy er glad for å kunne presentere litt av det som NTNU Institutt for musikk i Trondheim arbeidar med og vonar at mange ute i lokalmiljøet skal få oppleve nokre av dei nye "stjernene". Han legg ikkje band på seg når han lovar songkunst av høg klasse når det vert servert ”Opera A la carte”.

Bror Magnus Tødenes – tenor
Elisabeth Teige – sopran
Kåre Bjørkøy – tenor
Mona Spigseth – klaver

Kva: "Operaperler" Sjøborg kulturhus/Quality Hotell Ulstein
Når: Laurdag 8. juni kl. 15.00
Billett: kr. 250,- på sjoborg.no eller ved inngong NB! Begrensa ant. plassar.

I Operakaféen vert det god stemning med forfriskningar, kaffi og godbitar av søtt og salt frå buffeten.

Bror Magnus Tødenes har trass sine nitten unge år ei svært godt utvikla tenorstemme og musikalitet som vert rekna som svært sjeldan. Han briljerar med repertoar som er gjort kjend av store songarar som t.d. Luciano Pavarotti, Placido Domingo og Jussi Björling. Han har motteke fleire talentstipend og har fått sponsoravtalar for å vidareutvikle talentet sitt. Har gav i desember 2012 sin fyrste CD ”Tenor” og står no på terskelen til større oppdrag. I løpet av året vert han å høyre som solist både ved RingsakerOperaen og Opera Trøndelag. Han har og fleire oppdrag i lag med TrondheimSolistane., -eit strykeorkester i verdsklasse. Bror Magnus går no 1. år Bachelorstudie i klassisk song ved NTNU Institutt for musikk i Trondheim og har professor Kåre Bjørkøy som læremeister.

Elisabeth Teige er sopran og solistpraktikant ved Den Norske Opera & Ballett (DNO). Ho har allereie gjort seg bemerka som ein framifrå kunstnar m.a. gjennom hovudrolla i "Madama Butterfly" som vart ein stor suksess og fem fulle hus under årets Operafestuke i Kristiansund. Ved DNO har Elisabeth sunge roller som Sacerdotessa i Aida og Kate Pinkerton i Madama Butterfly,og har denne sesongen ei av hovudrollene i den nyskrevne operaen "Kharios", som hadde urpremiere den 10.mai på DNO. Elisabeth har dei siste åra motteke fleire kunstnerstipender og legat. Ho har teke utdanninga si ved NTNU, Institutt for musikk i Trondheim og hadde der professor Kåre Bjørkøy som lærar. Våren 2012 fullførte ho studiane ved Operahøgskolen i Oslo med Toril Carlsen som lærar og mentor. Elisabeth er fødd og oppvaksen i Ålesund og gler seg til å synge på "heimebane".

Kåre Bjørkøy er ein solid trønder og sentral person innan norsk opera og klassisk song. Han debuterte ved Den Norske Opera i 1976 og har hatt operaengasjement ved leiande operahus i Sverige, Danmark og Frankrike. Han har vore solist med alle dei leiande symfoniorkestra i Norden og fleire leiande symfoniorkester i England. Han har hatt konserter i heile Norden og i Baltikum, Tyskland, England, Skottland og USA og medverka på ei rekkje plateinnspelingar m.a. med danske og engelske orkester og ei rekkje radio- og TV-program i Norge og Sverige. Han er professor ved Institutt for musikk ved NTNU i Trondheim, der han underviser i songfag, utvikling av stemmeteknikk, stemmefysiologi, stemmediagnostikk og -pedagogikk, interpretasjon og kammermusikk med song. I tillegg held han m.a. kurs og meisterklasse i Helsingfors (Sibeliusakademin), Sigtuna i Sverige, Torshavn på Færøyane, Gøteborgs Musikhøgskola i Sverige. I tillegg til å vere tenor, professor og songpedagog, har han stor interesse for tverrfagleg forskning, og samarbeider m.a. med professor Hans Torp ved Medisinsk teknisk senter ved NTNU. Konsertpublikum kan gle seg til å høyre Kåre si tenorrøyst som framleis er av ypperste klasse.

Mona Spigseth er frå Odalen i Hedmark. Etter 5 års studier i Oslo med professor Einar Henning Smebye som lærar, hadde ho ein kritikarrost debutkonsert i same by. Ho er ein svært aktiv pianist, både som solist og kammermusikar. Ho har vore solist med landets profesjonelle symfoniorkester, TrondheimSolistene, distriktsorkester, brassband og korps, held pianorecitals og brukar mykje av tida si til kammermusik der m.a.samtlige kammerverk av Brahms er blant repertoaret. Forutan konsertering i Noreg har Mona spelt i flere europeiske byar, m.a i Wigmore Hall i London. Ho deltek også i juryarbeid i internasjonale pianokonkurransar. Mona er fast tilsett som klaverlærar og akkompagnatør ved NTNU Institutt for Musikk i Trondheim. Der har ho det faglige ansvaret for talentutviklingsprogrammet "Unge Musikere". Her er også hennar pianistiske kvalitetar som akkopagnatør med på å hjelpe dei unge talenta framover. Mona vert nytta som pianist i Trondheim Symfoniorkester (TSO), Luftforsvarets Musikkorps og som repetitør for TSO´s vokalensemble.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: