Oslo Danse Ensemble 2016

Foto: Oslo Danse Ensemble 2016.
Foto: Oslo Danse Ensemble 2016.
Laurdag, 2 april, 2016 klokka 20:00

Oslo Danse Ensemble 2016 Koreografiar av Toni Ferraz, Fredrik «Benke» Rydman og Jo Strømgren

Hiphop, jazz og feiring av det mest populære dansekompaniet i Noreg!

Dei dansar så det gnistrar! Oslo Danse Ensemble er utan tvil ein av dei aller viktigaste døropnarane for dansekunsten i Noreg. Overalt legg dei publikum for sine dansande føter. Show, funk, hiphop, jazz og moderne. I tett driv drillar dei publikum og riv oss med i dansegleden. 

ODE har hatt fem store Riksteater-turnear kor nærmare 50 000 publikummarar frå nord til sør har fryda seg over nye og friske talent i tett dans med sterke og erfarne krefter. No skal dei igjen ut på vegen for å feire at Oslo Danse Ensemble nettopp har runda 20 suksessrike år. 

Åtte dansarar briljerer med ulike sjangrar i koreografiar signert Jo Strømgren, Toni Ferraz og Fredrik «Benke» Rydman. Med energi og formidlingsglede når dei heilt ut til bakerste rad. Ver advart: du får problem med å sitte stille!

* Ønsker du workshop med dansarane før framsyninga? Kontakt dans@riksteatret.no.

 

 

Turnépremiere i Porsgrunn 9. mars 2016.

Namn på dansarane vert kunngjort seinare.

Varigheit: ca. 2 timar (inkl. pause)

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: