Oslo Gospel Choir

Anita Skorgan. Fotograf: Lisbeth Michelsen
Anita Skorgan. Fotograf: Lisbeth Michelsen
Fredag, 13 desember, 2013 klokka 19:30

Oslo Gospel Choir vitjar Herøy kulturhus også i år. Denne gongen med ingen ringare enn Anita Skorgan som solist! I 2013 markerer Oslo Gospel Choir sitt 25-års jubileum. Med over tjue plateutgjevingar og tallause turnèar i inn –og utland har koret befesta posisjonen sin som Europa sitt leiande gospelkor. Korets juleplater og -turnèar har gjort dei til ein av dei mest verdsette formidlarar av julehøgtida i landet.

I samband med jubileet var spenninga stor til om koret ville invitere ein gjest til årets juleturne. Valget blei enkelt – heile Noregs Anita Skorgan! Ein kjær artist gjennom fleire tiår, popdronning på 80-talet og ein sentral formidlar av julesongar og tekstar gjennom dei siste to tiår. Leiter du etter den ekte julestemninga bør du ikkje gå glipp av dette magiske møtet mellom Oslo Gospel Choir og Anita Skorgan.

Stad
Herøy kulturhus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: 
Tema: