ADecrease | ANormal | AIncrease |
Current Size: 100%
Othello, Desdemona og Iago viser oss dei inste tankane og kjenslene sine. Korleis dei prøver å gjera eigne val, korleis dei vert påverka av kvarandre og me ser korleis dei nådelaust vert dytta mot kanten av stupet.
Shakespeare skreiv manuset til Othello for 413 år sidan. I dag lagar Teatret Vårt Ung ei moderne framsyning av teksten som framleis i dag stiller dei vanskelege spørsmåla om det å vera menneske. Pop-art erstattar gamle teaterkulissar og historia utspelar seg mellom dei tre som elskar, hatar og manipulerer. Trass i at bakteppet for historia er krig og øydelegging er stykket bygt opp som ein komedie. Latteren sit laust… og nokre gonger set han seg fast i halsen.
Kjærleik og hat. Forelsking og krig. Manipulasjon og svik. Kven er til å stola på? Til kven kan du opna hjartet ditt? – Din beste ven? – Den du elskar? Kven hjelper deg å ta det rette valet, gå den rette vegen?
Med Othello legg teatret til rette for å komme saman som familie eller i gruppe og reflektere over det å være menneske. Korleis påverkar vi av kvarandre og korleis skaper vi gode liv? Ei annleis, universell og aktuell familieframsyning for alle frå 12 år og oppover.
Av: William Shakespeare
Gjendikting ved Erik Bystad
Regi og scenografi: Philipp Stengele
Musikk: Håkon Iversen
Kostyme: Freya Busby
Med: Johanna Mørck, Hugo Mikal Skår og Anders Kippersund
Speletid: 1 time og 15 minuttar (utan pause)
Aldersgrense: 12 år.
Dato | Kva |
---|---|
28 nov |
Årets Julekonsert Ingebrikt Davik huset |
10 des |
Ørjan Burøe // Store Gutter Gråter ikke Ingebrikt Davik huset |
Kulturnett Møre og Romsdal, Kirkegt. 10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund. Sentralbord : 40618600, Kulturnettkoordinator: 91625091. Epost: kulturnett@ikamr.no