Othello

Othello. Plakat: Teatret Vårt.
Othello. Plakat: Teatret Vårt.
Laurdag, 12 mars, 2016 klokka 19:00

Kven stolar du på? Sjalusi er eit grønt monster som et kjærleik og vert til hat. Og då kan alt skje.

Othello er ein helt, ein leiartype. Kjærasten hans, Desdemona, er tvers igjennom snill, god – og nokre gonger godtruande. Othellos besteven Iago har eit vinnande vesen, men seier om seg sjølv at «eg er ikkje den eg er.»

Othello, Desdemona og Iago viser oss dei inste tankane og kjenslene sine. Korleis dei prøver å gjera eigne val, korleis dei vert påverka av kvarandre og me ser korleis dei nådelaust vert dytta mot kanten av stupet.

Shakespeare skreiv manuset til Othello for 413 år sidan. I dag lagar Teatret Vårt Ung ei moderne framsyning av teksten som framleis i dag stiller dei vanskelege spørsmåla om det å vera menneske. Pop-art erstattar gamle teaterkulissar og historia utspelar seg mellom dei tre som elskar, hatar og manipulerer. Trass i at bakteppet for historia er krig og øydelegging er stykket bygt opp som ein komedie. Latteren sit laust… og nokre gonger set han seg fast i halsen.

Kjærleik og hat. Forelsking og krig. Manipulasjon og svik. Kven er til å stola på? Til kven kan du opna hjartet ditt? – Din beste ven? – Den du elskar? Kven hjelper deg å ta det rette valet, gå den rette vegen?

Med Othello legg teatret til rette for å komme saman som familie eller i gruppe og reflektere over det å være menneske. Korleis påverkar vi av kvarandre og korleis skaper vi gode liv? Ei annleis, universell og aktuell familieframsyning for alle frå 12 år og oppover.

 

Av: William Shakespeare 
Gjendikting ved Erik Bystad
Regi og scenografi: Philipp Stengele
Musikk: Håkon Iversen 
Kostyme: Freya Busby
Med: Johanna Mørck, Hugo Mikal Skår og Anders Kippersund

Speletid: 1 time og 15 minuttar (ikkje pause)

Aldersgrense: 12 år

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: