På Scenå: Frank Bjørdal Band

Frank Bjørdal. Pressefoto.
Frank Bjørdal. Pressefoto
Laurdag, 23 november, 2013 klokka 20:00

23. november kjem bluesfantomet Frank Bjørdal and his Blues Revue. Dei spelar god, gamaldags swingande blues, og har ein frontfigur som er kjent for sitt gnistrande gitarspel.

Bandet blir omtalt som eit av Noregs mest spanande blues-band for tida, med sin rekreasjon av 50-tallet sine drivande swing- og rythm n`blues-band. Med tydelege referansar til artistar som T-bone Walker, Gate Mouth Brown, Pee Wee Crayton, Little Richard, BB King og Bobby Bland tek dette bandet deg med tilbake i tid til den gongen då dansesko, korte skjørt, tuxedo og høg sigarføring var tingen. Bandet har hatt stor suksess sidan oppstarten i 2008, og har spelt på mange bluesfestivaler rundt det i landet. Sommaren 2012 platedebuterte dei med albumet "Still learning the game" til strålande kritikkar.

Stad
Ingebrikt Davik huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: 
Tema: