På Scenå: Josah

Strange Days. Pressefoto. Fotokilde: ID-huset.
Strange Days. Pressefoto. Fotokilde: ID-huset.
Fredag, 14 november, 2014 klokka 20:00

Ålesundsbandet Strange Days har trava rundt i musikkmanesjen i nokre år no, og bør derfor være eit kjent namn for blues- og rockinteresserte sjelar i Møre og Romsdal.

Dette velspillende bluesrock-bandet er leia av vokalist og gitarist Ingolf Nilsen, som for 14 år sidan starta gruppa Perfect Strangers. Etter ein del utskiftningar av bandmedlemmane endte dei etter kvart opp med namnet Strange Days: Torbjørn Siem (trommer), Erik Krogen (bass), Tommy "B3"Eide (keys) og Odd Einar Holten (gitar).

Strange Days leverer eigenkomponert rock med gjenklang frå gullalderen på 70- og 80-tallet, sjølvsagt med ei sterk tilknytning til bluesen. To plater har dei i fått ut i hyllene. Med titlar som "Strange Days - I" og "Strange Days - vol. II", er det kanskje ikke så vanskeleg å vite kva slags 70-tallsheltar ein er inspirert av der...

NB! 18 år - servering!

Stad
Ingebrikt Davik huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: