På Scenå: Rohey

Rohey. Pressebilete. Fotokjelde: ID-huset.
Rohey. Pressebilete. Fotokjelde: ID-huset.
Fredag, 13 november, 2015 klokka 21:00

Dei fire bandmedlemmane i Rohey møttest på jazz-linja i Trondheim, kor dei oppdaga ein felles kjærleik for posete grooves, slicke akkordar og vokal med ekte soul. 

Musikken er ein blanding av jazz, soul og r&b med originale låter, vrang-vridningar av jazz-standarder og poplåter. Med den eminente songarinna Rohey Taalah i spissen er bandet klare for å dra deg inn i si unike soul-boble. Kvartetten har i 2014 vore å sjå på blant anna Dokkhuset i Trondheim, Døla Jazzfestival og Oslo Jazzfestival, kor dei har slått an som publikumsfavorittar. Og no i år spelte dei på Moldejazz og Kongsberg Jazzfestival.

Denne hausten vitjar dei Brattvåg og Scenå! Vi gler oss! 

Rohey Taalah – vokal
Ivan Blomqvist – keys
Kristian B. Jacobsen – bassgitar
Henrik Lødøen (frå Brattvåg) – trommer

Stad
Ingebrikt Davik-huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: 
Tema: