På Scenå: SIRI

Siri. Fotokjelde: ID-huset.
Siri. Fotokjelde: ID-huset.
Fredag, 5 februar, 2016 klokka 22:00

Gjennom fleirstemt song, sterke melodiar og drivande arrangement, hentar bandet inspirasjon frå singer/songwritertradisjonen, eksperimentell pop og 60-tals rock. Det ligg an til ei virkelig fin oppleving i scenehuset på Ingebrigt Davik-huset når Scenå arrangerer sin konsert nummer to denne sesongen.

Martin Morland frå Hildre er det lokale bidraget i bandet, og saman med Siri Byrkjedal på vokal, trommeslagar Ivar Myrset Asheim, gitaristane Simen Skrebergene og Sander Eriksen Nordahl vert dei til SIRI.

Stad
Ingebrigt Davik-huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: 
Tema: