På Scenå: Vuku

Vuku. Pressebilde.
Vuku. Pressebilde.
Fredag, 25 april, 2014 klokka 20:00

Vuku oppstod då to Haramsborgarar flytta til Nord-Trøndelag, nærmere bestemt jazzlinja på Sund Folkehøgskule, i 2011. Der fann dei straks tonen med gitaristen Martin Miguel Tonne. Dei har dei tre siste åra spelt rundt om i Norge på mindre og større scener, men aldri før i heime i Haram.

Dei tre studerar ved dei beste jazzutdanningane i landet og er alle tre ambisiøse og målretta musikarar. Vuku har i løpet av kort tid skapt eit eige uttrykk i krysningspunktet mellom jazz og country, der improvisasjon og groove spelar ei vesentlig rolle.

o Martin Miguel Almagro Tonne (Oslo) – gitar
o Martin Morland (Hildre) – bass
o Henrik Lødøen (Brattvåg) – trommer

18 år. Servering.

Stad
Ingebrikt Davik-huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: 
Tema: