Paul Potts med orkester

Paul Potts. Pressebilde.
Paul Potts. Pressebilde.
Laurdag, 21 november, 2015 klokka 20:00

Paul Potts var den første vinnaren av Britain’s Got Talent i 2007. Etter det har han besøkt  operahus og konsertsalar over heile verda. Første og einaste konsert i Norge er Ulsteinvik og Sjøborg kulturhus.

Med seg på scena har Paul Potts, den danske operasongaren Kristine Bonde og eit fem manns orkester.

Her kan du lese omtalen av hans siste album «Home», som kom ut i vår:

“Music is home to me – always has been, and always will be”- P.P.

Med eit salg på meir enn 5 mill album og nær 600 konsertar dei siste seks åra, harPaul Potts no gitt ut sitt mest allsidige album HOME, med Sony Music Entertainment Australia.

HOME er ei samling med 14 songar der Paul gir uttrykk for sin kjærleik til musikk i «alle» sjangrar. I samarbeid musical director Chris Taylor, har Paul Potts laga eit album utan reglar, men med songar som framhevar dei vakre songane og hans stemmeprakt.

Songane vi får høyre denne kvelden er etter alt å døme henta frå dette albumet. Det blir i så fall tett mellom høgdepunkt som Nessun Dorma, Con Te Partirò (Time To Say Goodbye), Caruso, Ognuno Soffre (Everybody Hurts), Piano (Memory), Parla Più Piano (The Godfather), Un Giorno Per Noi  (A Time For Us), Senza Luce (A Whiter Shade Of Pale), Il Mio Cuore Va (My Heart Will Go On) –Titanic, Por Ti Seré  (You Raise Me Up) og Il Gladiatore (Gladiator)

 “There are no rules saying what you must like – music connects with your very soul, and the genre is irrelevant,” explains Paul. “I wanted my choices on HOME to challenge the concept of the necessity of genre.”

Billettar 
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 395,-

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Billettar i sal frå tysdag 1. september kl 09.00.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: 
Tema: