Peer Gynt stemnet på Gålå

Fotokjelde: Peer Gynt Stemnet
Onsdag, 5 august, 2015 klokka 09:00
Torsdag, 6 august, 2015
Fredag, 7 august, 2015
Laurdag, 8 august, 2015

Oppmøte Coop Extra på Skodje

Dag 1: Avreise frå Coop Extra onsdag 5. aug. kl. 09:00 med Geiranger Turbil. Vi reiser over Dombås der det vert stopp slik at den som vil kan få kjøpe seg litt å bite i. Etter 1 time stopp, køyrer vi så til Gålå og skjekker inn på wadahl Høfjellshotell, der vi skal overnatte. Om kvelden vert det servert middag på hotellet.

Dag 2: Etter ein god frokost er dagen fritt disponibel. Kanskje nokon vil ta seg ein trimtur i terrenget på flotte turløyper, eller kanskje vi kan legge opp til ein busstur. Dette får vi planlegge når vi kjem så langt. Kl. 17.00 vert det servert 3-rettar middag på wadahl Høyfjellshotell. Kl. 18.30 vert det introdukjon av forestillinga på publikumsområdet. Etter forestillinga vert det servert suppe m/brød på hotellet.

Dag 3: Etter ein god frokost på hotellet, tek vi plass i bussen og tek fatt på heimvegen. Vi kjøyrer her om Otta til Geiranger, og heim. Vi tek sikte på å stoppe undervegs for å kjøpe seg noko å bite i.

Pris: For medlemmer i Skodje Pensjonistlag kr. 2.770,- pr. pers. i dobbeltrom. Enkeltrom kr. 3.130,-.
For ikkje medlemmer kr. 3.354,- pr. pers. i dobbeltrom. Enkeltrom kr. 3.714,-.
I prisen er inkl. buss, 2 overnattingar på Wadahl Høyfjellshotll, bill. til Peer Gynt spelet v/Gålåvatnet, 2 frukoster, 2 middager på Wadahl Høyfjellshotell, samt suppe og brød etter forestillinga og introduksjon av forestillinga på publikumsområdet. Evt. mat på tur oppover og heimover er ikkje teke med i prisen.
Bindande påmeld. I tlf. 40299799 innan 23 mai. Turen skal bet. kontant v/påmeld., eller til kontonr. 3901.30.42717. Påmeld. gjeld frå innbet. er motteke. Avbest. må skje innan 30. mai. Refusjon vert ikkje gjeve utan legeærklæring etter 30. mai

Stad
Kommune: