PERLESKUM - folkemusikk, Vinje og jazz - med Kvernberg, Boksasp, Herskedal og Roaldsnes

Laurdag, 14 mars, 2020 klokka 18:00

Jorun Marie Kvernberg har med seg eit stjernelag når hennar nye tonar til Aasmund Olavsson Vinje sine evigunge dikt plate-lanserast: Unni Boksasp - folkesong, Daniel Herskedal - tuba, Dag-Filip Roaldsnes - piano og Jorun Marie Kvernberg - fele/hardingfele/song.

Platesleppkonsert!
Aasmund Olavsson Vinje, den tvisynte diktaren med den skarpe pennen blir feira med ny musikk! To folkemusikarar og to jazzmusikarar leikar seg med nye tonar til Vinje sine gamle ord, og har med seg eit spildrande nytt album. Tuba-virtuosen Daniel Herskedal ertar den kvikke nordmørs-stemma Unni Boksasp opp i nye høgder. På svarte og kvite loddar Dag-Filip Roaldsnes djupet, medan komponist og felespelar Jorun Marie Kvernberg ausar på og opp og fram med boge og streng.

Dei ettertrakta musikarane har kvar for seg og i ulike konstellasjonar mangfaldige plateutgjevingar, fleire Spellemannprisar og ei imponerande merittliste.

«Perleskum» spring ut frå tingingsverket «På geitevis», som var tinga av Førdefestivalen 2018.

Jorun Marie Kvernberg: fele, hardingfele, song (og komposisjonar)
Unni Boksasp: folkesong, zitter
Daniel Herskedal: tuba
Dag-Filip Roaldsnes: piano
Aasmund Olavsson Vinje: skarp penn

Bill kr 280/180 (U. 18 ÅR) Kort/VIPPS i døra

Facebook: https://www.facebook.com/events/171521794273453/

Stad
Ivar Aasen-tunet
Kommune: