PERLESKUM - folkemusikk, Vinje og jazz - med Kvernberg, Roaldsnes, Boksasp og Herskedal

Søndag, 15 mars, 2020 klokka 18:00

Jorun Marie Kvernberg har med seg eit stjernelag når hennar nye tonar til Aasmund Olavsson Vinje sine evigunge dikt plate-lanserast: Unni Boksasp - folkesong, Daniel Herskedal - tuba, Dag-Filip Roaldsnes - piano og Jorun Marie Kvernberg - fele/hardingfele/song.

Platesleppkonsert!
Aasmund Olavsson Vinje, den tvisynte diktaren med den skarpe pennen blir feira med ny musikk! To folkemusikarar og to jazzmusikarar leikar seg med nye tonar til Vinje sine gamle ord, og har med seg eit spildrande nytt album. Tuba-virtuosen Daniel Herskedal ertar den kvikke nordmørs-stemma Unni Boksasp opp i nye høgder. På svarte og kvite loddar Dag-Filip Roaldsnes djupet, medan komponist og felespelar Jorun Marie Kvernberg ausar på og opp og fram med boge og streng.

Dei ettertrakta musikarane har kvar for seg og i ulike konstellasjonar mangfaldige plateutgjevingar, fleire Spellemannprisar og ei imponerande merittliste.

«Perleskum» spring ut frå tingingsverket «På geitevis», som var tinga av Førdefestivalen 2018.

Jorun Marie Kvernberg: fele, hardingfele, song (og komposisjonar)
Unni Boksasp: folkesong, zitter
Daniel Herskedal: tuba
Dag-Filip Roaldsnes: piano
Aasmund Olavsson Vinje: skarp penn

----

NB! KLOKKA 18 ER RIKTIG TIDSPUNKT!

Billettar kan ein tinge på førehand til epost:
oyvindfenne@gmail.com
Vaksen 250 / under 18: 100/ under 12: gratis

Arr. Hustadvika Mållag
-----

Perleskum spelar også i Valderøy Kyrkje fredag 13. mars og på Aasentunet i Hovdebygda/Ørsta laurdag 14. mars. Rjukan Admini Hotel får besøk fredag 3. april og dei spelar i Vinjehuset i Vinje/Åmot larudag 4. april.

Elnesvågen bedehus ligg rett vest for kommunehuset.
Kart:
https://www.google.com/maps/place/Hauk%C3%A5sstien+6,+6440+Elnesv%C3%A5gen/@62.8535625,7.1510357,19z/data=!4m5!3m4!1s0x46115a19d67151b7:0xee51dba785f3ebe9!8m2!3d62.8537202!4d7.1512154

Stad
Elnesvågen bedehus
Kommune: