Pernille Sørensen - Kultur

Kultur med Pernille Sørensen. Pressebilete: Stand Up Norge.
Kultur med Pernille Sørensen. Pressebilete: Stand Up Norge.
Torsdag, 5 desember, 2019 klokka 19:00

Torsdag 5. desember 2019 (merk året) får vi besøk av Pernille Sørensen, som endelig er tilbake med ei ny solo-forestilling!

Det har gått åtte år sidan kritikkerroste "Flink pike". Sidan sist har Pernille blant anna vore lagleiar i "Nytt på nytt", spelt i "Side om side" på NRK1 og blitt kåra til årets morsomaste av folket under komiprisen i 2016.

No har ho altså laga standupforestillinga "Kultur". Forestillinga handlar om kultur i alle dens formar og variantar. Høgkultur, lavkultur, kliss ny populærkultur og eldgammal upopulær kultur. Bakteriekultur og motkultur, snikskryt og tupé, basehopping og nakenbading.

Pernille Sørensen er meir enn klar for å navigere oss alle gjennom livets kulturelle labyring.

Høy klasse, briljerer om kultur! 
- MORGENKLUBBEN MED LOVEN & CO (RADIO NORGE)

Smart, morsom og finurlig forestilling! 
- VG

Bare gled dere! 
- DAGSAVISEN

Dette kan fort bli haustens morsomaste forestilling - den 5. desember (2019) brakar det laust i Sjøborg kulturhus, anten du er interessert i kultur eller ei!

Av og med Pernille Sørensen. Regi: Are Kalvø

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris
Voksen kr 490,-
Gruppe (8 eller fleire) kr 460,-
Student kr 420,- (må kjøpast lokalt, og studentbevis må framvisast)

Ungdom (15-20 år) kan kjøpe billett ved Ulstein Arena og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: