Petter Wettre - Next Generation 2.0

Petter Wettre. Pressefoto. Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
Petter Wettre. Pressefoto. Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
Torsdag, 6 april, 2017 klokka 19:30

Ein av dei sterkaste stemmene på den norske jazzscenen

Petter Wettre har sidan tidleg på 90-talet gjort seg bemerka som ein av dei viktigaste jazzmusikarane i Norge, med mellom anna atten eigne plateinnspelingar. I tillegg har han vore med på femti plater i andre sjangrar som gospel og pop. No er han klar for Next Generation 2.0, eit nytt prosjekt som har oppstått som eit resultat av eit ønske om å bringe inn ein ekstra blåsar i musikken. Ein trompetist. 

I denne gruppa er den nye generasjonen musikarar innan melodiøs post bop jazzmusikk. Petter Wettre tek tenorsaksofonen og så har han med Erik Kimestad Pedersen på trompet, voldingen Erlend Slettevoll på piano, Julian Haugland på bass og Karl Henrik Ousback på trommer.  

Stad
Herøy kulturhus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: