"PK på heimebane" konsert- og dansekveld

PK Støbakk. Pressebilete 2012.
PK Støbakk. Pressebilete 2012.
Laurdag, 1 november, 2014 klokka 19:30

Vi i kulturhuset har lenge jobba med planar om å heidre vår eigen songar og låtskrivar, PK Støbakk med ein konsert- og dansekveld.

PK er ein av dei flittigaste plateartistane i Norge, og i juni 2014 kjem plate nr. 12. Han har laga eigen TV-serie saman med Dansefolket, gitt ut 25 videoar og vore nominert til Spelemannsprisen heile tre gongar! Sidan starten har det vorte kring 1300 opptredenar i inn- og utland, og sommaren 2014 spelar PK på dei største musikkfestivalane.

Med hatt og boots og tekstar på strandadialekt, dreg han fulle hus frå Nordkapp til Lindesnes. Folk reiser langt av garde for å følge PK og Dansefolket, og no er det på tide at vi gjer ære på dei på heimebane!

Ryktet seier at PK var berre 12 år då han for første gong var på scena i Stranda ungdomshus og song saman Kjell Karlsens orkester. Tidleg på 70-talet var med i den lokale rockegruppa "Butterfly Galore", saman med Lasse Døving, Egil Nilsen, "Motta" Solheim og Torstein Rem. Deretter held han fram i sykkylvsbandet "Enjoy", saman med Ivar Tynes, Oddgeir Hatlemark, Odd Egil Hoprekstad og "Motta " Solheim.

I 1978 vart PK spurt om å vere vokalist i det populære danseorkesteret "Vikings". Her var han med til 1982, og var songar og tekstforfattar på platene "Vikings 4" og " I Rockeheksens Klør".

Etter eit langt opphald i hovudstaden, der han mellom anna hadde sitt eige "sightseeing"-tog, flytta PK heim til Stranda for å drive musikkarrieren vidare herifrå.

Vi oppmodar gamal og ung om å nytte sjansen til å høyre PK saman med ei rekkje av musikkvenene sine i Storfjord Kulturhus denne kvelden - først med konsert i storsalen, deretter til dans og jam i Kafè Allmenningen.

Billetten gjeld heile kvelden!

Stad
Storfjord Kulturhus
Øyna 1
6201
Stranda
Kommune: