"PRØYSEN I 100" - jubileumshow

Alf Prøysen.
Alf Prøysen.
Laurdag, 29 november, 2014 klokka 19:30

I samband med at det er 100 år sidan Alf Prøysen vart fødd, kan vi glede konsertpublikum med ei konsertframsyning med skikkeleg "trøkk"! Her kjem songane som perler på ei snor, i Prøysen si ånd. Alle dei kjende og kjære - men også nokre songar som er ukjende, og som publikum no får kjennskap til.

I eit fengande samansurium snikra og framført av

- Elin Prøysen

- Egil Johansson

- Kari Svendsen

- Lars Klevstrand

- Viggo Sandvik

- Per Husby og

- Kjetil Skaslien


vert visene presentert med stor intensitet, presisjon og mykje moro. Artistane akkompagnerer seg sjølve på ei rekkje ulike instrument, som gitarar, ukulele, mandolin, autoharpe, munnharpe, kontrabass, ukulelebass, torader, svensk lutt, piano, trekkspel og banjo. Dette blir eit fantastisk Prøysen-orkester som verkeleg heidrar jubilanten.

Alle som har eit forhold til Alf Prøysen kan berre gle seg til denne festframsyninga!

Stad
Storfjord Kulturhus
Øyna 1
6201
Stranda
Kommune: 
Tema: