Pubkveld

Fredag, 25 mai, 2012 klokka 21:00:00

Transistor, jam, diverse artistar.

Transistor har eksistert sidan 2007 og har så langt gitt ut platene "Transistor" (2008) og "Som vist på radio" (2011). Ein singel med namn "Sommarsingel" er under produksjon, og vil, hvis alt går etter plana, kome ut i forbindelse med Vårsøghelga. Stilen er rock på nynorsk, delvis med inspirasjon av folkemusikk. Transistor er Terje Espe - Vokal, Erling Solem - Gitar, mandolin, Jan Øystein Gjørv - Gitar, kor, Gunnar Sæther - Bass, kor og Morten Olderskog - Trommer
For meir info, se www.transistor.bz

PER AARSUND
Ein skulle tru at tømrarfingrar ikkje er særleg eigna til gitarspelling, men Per Aarsund frå Tingvoll er døme på det motsette. Per lærte faktisk å traktere gitaren da han gjekk på Nordmøre folkehøgskule i Surnadal. Han ga i 2005 ut singelen "Du Nordmøre". B-siden på singelen, "Prinsessa", var inne Norsktoppen i 3 veker.

Under pubkvelden vil vi får høre Per framføre sine eigne viser, der han formidlar saker og ting som folk kan kjenne seg att i.

JOHN PÅL INDERBERG
Allsidig saksofonist og Vårsøghelg-ven med sans for eit spontant musikalsk uttrykk. Kombinerer mange stiluttrykk mellom anna i samarbeid med norske og amerikanske jazzmusikarar, og har medverka på ei lang rekkje plateinnspelingar. To ytterpunkt blant Inderberg sine medmusikarar kan vere Lee Konitz og Henning Sommerro. Inderberg underviser også ved jazzlinja-NTNU i Trondheim.
Høyr John Pål Inderberg her: http://www.inderberg.com/index_no.html

SHAVIAN
Trioen Shavian består av Håvard Bakken Jakobsen (synth), Steinar Laberg Værnes (trompet) og Ivar Thormodsæter (trommer). Kvar for seg har desse spennande bakgrunn frå samspel med artister som Anja Garbarek, Madcon, Randi Tytingvåg, Optical Substance og Smyr. Trioen speler improvisert musikk og legg vekt på melodiar, lyder, rytme og leik. Etter å ha spela ein rekkje konserter i Norge, har Shavian bruka 2011 til å jobbe med si første plate. Som rykta seier, har dette blitt ei interessant plate i et variert lydlandskap. Den er innspela i Rainbow studio, og post-produksjonen var eit samarbeid mellom Shavian og Reidar Skår i 7. etasje studio. Vi reknar med å få høre tema frå plata i gammelfabrkken i Todalen.

FABULA
Songaren og songskrivaren Fabula skapte bølgjer i heimlandet sitt, Island, då ho slapp si første soloplate i 1996. Fabula har vore aktiv på folkemusikk og jazzarenaer dei siste ti åra. Ho studerte drama og jazzpiano i Trondheim og i London. Alle hennar fire album har vore svært kritikarroste. Musikken hennar er leikande og melankolsk og av ubestemmeleg sjanger, men har element av jazz, folkemusikk og popmusikk.

Les meir om denne spennande islandske dama på http://www.fabula.is/

Stad
Surnadal Kulturhus
Surnadal Kulturhus
6650
SURNADAL
Kommune: