Pust

Vokalgruppa Pust. Foto: Johs Bøe
Vokalgruppa Pust. Foto: Johs Bøe
Torsdag, 23 januar, 2014 klokka 19:00

PUST er kanskje den mest spennande vokalgruppa i Noreg for tida! I oktober feira dei sitt 10-årsjubileum ved å gi ut sitt fjerde album; Fryktløs. I januar skal dei på konsertturné med dette nye repertoaret. Fryktløs er ei helnorsk plate, ei visepop-plate med ensemblet sine eigne kvardagstekstar og melodiar i særeigne arrangement. 

Dersom du har sans for vokalmusikk på høgt nivå kan vi anbefale denne konserten på det varmaste. Sidan Herøy kulturhus også har besøk av utstillinga Kaldt Hav i denne perioden er det litt uvisst kor mange vi får plass til i salen. Foreløpig er det berre lagt ut 100 billettar, så det kan vere lurt å vere tidleg ute

PUST sine 3 foregåande album fekk alle ei rekke terningkast 5 og 6 i norsk presse, og den forrige plata Julero var for to år sidan ein av dei mestselgande album på det norske markedet den sesongen. PUST står for allsidigheit, nytenking og stemmeleik, kombinert med et høgt musikalsk nivå. Songarane har brei solistisk kompetanse innan genre som folkemusikk, klassisk, soul, pop og jazz. PUST satsar på originale låtvalg, og alle komposisjonar og arrangement er skrevet av eller for PUST.

Dei har etablert seg som ein av dei leiande vokalgruppene i Norden, og ensemblet er tidlegare både blitt nominert til Spellemannspris og til internasjonale CARA awards. I desember kan du høyre dei Beat for Beat sin julespesial på NRK1.

Les meir om PUST på www.pust.org og høyr PUST sin musikk på www.soundcloud.com/#pust6voices.

PUST består av; Camilla Susann Haug (sopran), Anne Hilde Grøv (sopran), Elisabeth Anvik (alt), Jostein Hasselgård (tenor), Håvard Gravdal (baryton) og Mads Iversen (bass).

(Foto: Johs Bøe)
Konsertturnéen er støtta av Kulturrådet og Fond for Utøvende Kunstnere.

Stad
Herøy kulturhus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: