PUST - Julero

Pust. Pressebilete.
Pust. Pressebilete.
Fredag, 18 desember, 2015 klokka 19:30

I år ringes jula for alvor inn av ein vokalsekstett som presenterar allsidigheit, nytenkning og stemmeleik i kombinasjon med høyt musikalsk nivå.

PUST teller sopranane Anne Hilde Grøv og Camilla Susann Haug, samt Elisabeth Anvik (alt), Jostein Hasselgård (tenor), Håvard Gravdal (baryton) og basstemma til Mads Iversen. Dei seks stemmane har saman etablert seg som ein av dei ledande vokalgruppane i Norge, med totalt tre albumutgjevingar, prisar og anerkjensle utenlands og brei solistisk kompetanse innan sjangrene folkemusikk, klassisk, soul, pop og jazz. 

Nøkkelord for ein PUST-konsert er improvisasjon og overraskingar. Med inspirasjon fra jazzen og folkemusikken, ei juleplate i diskografien ("Julero" (2011)), og uredde tolkningar av eigne og andres komposisjonar, ligg det an til ein fin sesongavslutning på ID-huset kun ei veke før sjølve julaftan. 

PS! Det vert bidrag frå lokale kor. Meir om dette seinare.

Stad
Ingebrikt Davik huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: