Rødhette og ulven

Rødhette og Ulven. Foto: Chat Noir.
Rødhette og Ulven. Foto: Chat Noir.
Søndag, 13 november, 2016 klokka 15:00

Jula 2015 valde Chat Noir å sette opp det klassiske eventyret om "Rødhette og Ulven" som førestilling for heile familien.  Det vart ei varm og stemningsfull førestilling, som vart elska av både barna og foreldra. Eit fortryllande vinterlandskap med snø og stjernehimmel, set stemninga i denne nye sceneoppsettinga av historia om "Rødhette og Ulven".

Publikum blir dregne inn i magien og historia om vesle Rødhette sin farefulle veg til si kjære bestemor.  Her er det ei stor dose humor og dramatikk, ikkje minst når Ulven dukkar opp og får snurten av Rødhette. I denne førestillinga er ulven meir komisk enn farlig, noko som gjer stykket veleigna også for dei aller minste, heilt ned til 3 års alderen.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris 
Born kr 210,-
Voksne kr 230,-

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: