Ragnar Ulstein og Con Moto

Svein Eiksund og Ragnar Ulstein. Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus.
Svein Eiksund og Ragnar Ulstein. Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus.
Con Moto. Pressebilete. Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus
Con Moto. Pressebilete. Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus
Søndag, 6 april, 2014 klokka 17:00

Det er klart for to sjeldne krigshistoriske og musikkhistoriske kveldar på Fredheim i Ulsteinvik. Snart 94 år gamle Ragnar Ulstein er tilbake til sine kulturelle røter som gjest med Con Moto, under sin dirigent Svein Eiksund.

Blandakoret Con Moto, med dirigent Svein Eiksund i spissen, har vore så heldige å få krigsveteran og Englandsfarar Rangar Ulstein tilbake til sine kulturelle røter. I hans ungdomstid var Fredheim sjølvaste kulturhuset i Ulstein. Der fekk han mange ulike kulturopplevingar før han som 21 åring, på dramatisk vis forlet landet, ilag med ei gruppe andre ungdomar. Målet var Shetland, og kampinnsats for fedrelandet. Turen skulle ta om lag 30 timar, men det gjekk heile sju døgn før dei fekk landkjenning. Korleis dette skjedde og mykje meir vil publikum få høyre om desse kveldane.

Ragnar kjem frå ei musikalsk familie der songen alltid var levande. Det var gjerne firstemt song rundt juletreet. Med dette som bakgrunn vart Ragnar utfordra av dirigenten i Con Moto til å plukke ut songar som har eit spesielt rom i hjarte hans. Desse songane blir å høyre på Fredheim, sjølvsagt med Con Moto som aktør, både som blandakor og som mannskor.

Dersom stemma held, vil Ragnar sjølv setje tonar til eit par "smakebitar" som krydda ventetida mellom soldatane i London.
Vi vil få høyre songar til oppmuntring, og songar om heimlengt.
Soldaten Ragnar, som tenestegjorde i Kompani Linge, har ein vid musikalsk horisont. Sjølvsagt blir det med nokre Britiske klassikarar som ;"White cliff of Dover", "We`ll meet again", "Old, long syne", men nasjonale songar som skildra fredrelandet stod også høgt i kurs. Det er nok å nemne "Å, eg veit meg eit land, langt der oppe mot nord"

Eit møte med Jakob Sande gjorde også inntrykk på Ulstein. Songen om : - selja som står saftgrøn og sevjemjuk -, blir også med i programmet.

Det har gått over 70 år sidan han forlet Ulsteinvik, bygda som han heldt og held veldig høgt. - Vi gler oss veldig til denne kvelden – avsluttar Svein Eiksund.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå under), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 200,-

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Overnatting og mat
Quality Hotel Ulstein ligg i same hus som Sjøborg kulturhus. Dei byr på spennande menyar i restauranten og gode prisar på hotellpakkar. Ta kontakt på 70013000 eller epost q.ulstein@choice.no for meir informasjon.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: 

Kommentarar

Arrangementet skal vere på Fredheim, ikkje Sjøborg. Men billettsal er på Sjøborg sine nettsider.

Det er nå endret. Mvh Kulturnett

Sider