Ravi m/band

Ravi. pressebilete.
Ravi. pressebilete.
Torsdag, 3 mars, 2016 klokka 19:30

Ravi er klar med nytt plateprosjekt og norske konsertscener. Vi inviterer til klubb med servering. 18-årsgrense

Artisten Ivar «Ravi» Johansen slepp sitt neste album i år. Etter ein ti års hitpause slapp Ravi singelen «Du» med Stella Mwangi i fjor, og også «Årner Sæ» med ingen ringare enn forfattar Jo Nesbø. Den tredje singelen i rekka «Såri Man» feat. Side Brok og Eva & The Heartmaker. Alle artist-inntekter går til TV2’s flyktningeaksjon #gihåp. 

Med dei tre første singlane har Ravi gitt eit lite innblikk i kva det foreståande albumet vil innehalde. Du-Du-Du-Du-Du er flørt og kjærleikserklæring slik ein kan hugse frå E-ore og Dødsøt. Med Årner Sæ feat. Jo Nesbø viste Ravi seg frå ei ny og noko mørkare side ved å presentere ein av svært få pop-singlar med konemishandling som tema. Singel nummer tre heiter Såri Man, og er eit skråblikk på Noregs asylpolitikk. Med desse singlane har Ravi også presentert nokre av bautasteinane han samarbeider med fram mot ein ny full-lengder: produsentane Yngve L. Sætre, Ciscoe (Sigrud Strumse Lauritzen), Martin Horntveth og Whimsical (Jo Morten Weider).

Ravi er også i fokus i årets sesong av ”Hver gang vi møtes”. Han er ein av sju nye deltakarar. I etterkant av Hver Gang vi Møtes slepp Ravi singel nummer fire med tilhøyrande musikkvideo. Her er Whimsical med på vokal. Så får vi sjå ein musikkvideo for døve, av alle ting … (!).

Ravi er aktuell både med band på konsert- og klubbscener og i soloformat bak pianoet på mindre scener. Som soloartist gjorde Ravi fleire norske sommarfestivalar i år med stor suksess. Til Fosnavåg kjem han med band 

På sin 2016-turne, besøker rap’eren for første gong Noregs krikar og krokear saman med eit ekte band. Tidlegare er musikken levandegjort med koristar og perkusjon. No er gamle og nye Ravi-hits i størst mulig grad spelt med bassist, perkusjonist og keyboardistar. Ravi sjølv set seg også ned ved pianoet i løpet av konserten. Repertoaret inneheld høgdepunkta frå Ravi si karriere med Folk & røvere og Ravi & DJ Løv, i tillegg til splitter nye Ravi-tekstar.

Bandet med full besetning teller Ravi - vokal og piano, Marius «Mudman» Rypdal - elektronikk, perkusjon, synth og vokal, Kristina Moen Rousing - elektrisk bassgitar, synth og vokal, Ingrid Støylen Runde (frå Ulsteinvik) - vokal, synth og perkusjon, Rikke Normann - vokal, synth og perkusjon og lydmann - Tormod Friis Pettersen.

Hør Såri Man feat. Side Brok & Eva & The Heartmaker her:  https://ravi.lnk.to/SaariMan

Stad
Fosnavåg konserthus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: 
Tema: