The Real Group

The Real Group. Pressebilete. Kjelde: Fosnavåg Konserthus.
The Real Group. Pressebilete. Kjelde: Fosnavåg Konserthus.
Laurdag, 12 mars, 2016 klokka 19:30

I 2015 feirer legendariske The Real Group 30-års jubileum. Dette markerer dei med ekstensiv verdsturné gjennom heile året.

Dei startar I Jakarta og går vidare gjennom USA, JAPAN, Australia, Sør-Afrika og Europa og i mars held dei fire eksklusive konsertar i Noreg “Vi vil framføre kjende og kjære melodiar frå historia vår gjennom tre tiår som gruppe.”, seier Katarina Henryson.

Med stemmen som einaste instrument har The Real Group skapt eit eige musikalsk uttrykk og bevega seg leikent gjennom vidt forskjellige musikkstilar som jazz, pop ogh svensk kormusikk. Deres særegne uttrykk i kombinasjon med unik perfeksjon, talent og personlighet har resultert i artisteri som er etterspurt over heile verda. 

Gruppa starta i 1984 og har sidan blant anna gitt ut 19 kritikarroste album, turnert i store delar av verda, sunget for keisarar och keiserinner, hatt hovudrolla i ein dokumentarserie på TV4, innviet FIFA World Cup i Japan og vore kunstnarlege leiarar for ein festival i Sør-Korea. 

Gjennom åra har The Real Group samarbeidd med ei rekke store artistar, mellom anna Malena Ernman, Barbara Hendricks, Povel Ramel, Eric Ericsson, Toots Thielemans, Esbjörn Svensson, Lisa Nilsson, Lill Lindfors, Tityo, Roland Pöntinen och Peter Jöback. 

The Real Group består av: 
Emma Nilsdotter
Katarina Henrysson 

Morten Vinther 

Anders Edenroth

Janis Strazdins

Stad
Fosnavåg konserthus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: 
Tema: