The Real Group

The Real Group. Pressebilete. Kjelde: ID-huset.
The Real Group. Pressebilete. Kjelde: ID-huset.
Fredag, 11 mars, 2016 klokka 19:30

«Vi vil framføre kjende og kjære melodiar frå vår historie som gruppe», seier The Real Group. Og med stemmane som deira einaste instrument har svenskane skapt eit eige musikalsk uttrykk og forflytta seg leikent gjennom ulike musikkstilar som jazz, pop og svensk kormusikk. Dette, i kombinasjon med unik perfeksjon, talent og personligheit har resultert i artisteri etterspurd over heile verda.

The Real Group oppsto i 1984 og har mellom anna gjeve ut 19 kritikerroste album, turnert verda over og samarbeidet med ein rekke store artistar; Barbara Hendricks, Povel Ramel, Lill Lindfors, Tityo, Lisa Nilsson og Peter Jöback for å nemne nokon av dei.

 

The Real Group er:

Emma Nilsdotter

Katarina Henrysson

Morten Vinther

Anders Edenroth

Janis Strazdins

Stad
Ingebrigt Davik-huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: 
Tema: