Reklame på utstilling!

Dokumentasjonsleiar i Ivar Aasen-tunet, Anders Aanes, med eit utkast til eit av bannera i utstillinga. Formgivar for utstillinga er Jannicke Velsvik. I bakgrunnen ser vi eit klipp frå sketsjfilmen som kjem til å gå i utstillinga.
Fredag, 19 juni, 2015 klokka 00:00
Laurdag, 20 juni, 2015
Søndag, 21 juni, 2015
Måndag, 22 juni, 2015
Tysdag, 23 juni, 2015
...og vidare enda fleire datoar.
Vis/skjul alle datoar

Temautstilling om reklamespråk i Ivar Aasen-tunet. Og anten du likar reklame eller ikkje, er det iallfall lett å vere samd i at reklamen påverkar oss.

Du opnar ei avis om morgonen, ventar på bussen, sjekkar om det har skjedd noko i den store verda. Eller slår på fjernsynet på kvelden. Om noko er sikkert, så er det at du blir utsett for at nokon vil selje deg noko. Kjøp! kunne det like gjerne stått. Men reklamespråket er meir subtilt enn det, sjølv om det er nettopp det reklameskaparane vil at du skal gjere.

Utstillinga, som har fått tittelen Språk til sals!, er sett saman av tolv plansjar og seks banner. Den autoritative røysta vil ein ikkje finne – i staden er den berande bjelken i formidlinga det råkande sitatet, som utstillingsgruppa har gravd seg fram til i mykje av det som er sagt om reklame og språk.

– I tillegg er vi særleg glade for å ha fått låne fire flotte reklameplakatar av god gammal årgang frå forfattaren og, kanskje litt ukjent for dei fleste, storsamlaren Einar Økland, seier dokumentasjonsleiar i Ivar Aasen-tunet, Anders Aanes. Men vent, der er meir! For dei som følgjer Aasen-tunet på Facebook har kanskje fått med seg at dei tilsette har laga ein reklamefilm for Aasen-boksaren som er til sals i butikken. Den ligg tilgjengeleg på Youtube.

– Men også i utstillinga har vi fått laga ein kort film i samarbeid med Atle Remmereit, der vi leverte manus og Remmereit stod for produksjon og skodespelar-prestasjonar. Idéen her byggjer på at reklamespråket snik seg inn i daglegtalen vår, seier Aanes.

Stad
Ivar Aasen-tunet
Kommune: 
Kategori: