Remember When - "Ein kveld med CSN & Y"

Remember When. Pressebilete.
Remember When. Pressebilete.
Laurdag, 19 november, 2016 klokka 19:30

Vi har vore heldige og fått tak i ein konsert som vart geniforklart då artistane spelte i området i vår. Gå ikkje glipp av dette!

Musikk er samklang. Samklang av strengar og samklang av stemmer. Remember When tekutganspunkt i alle dei utrulege stemningar ein kan skape ved bruk av vokalharmoniar ogstrengeinstrument. Konsertmaterialet er valgt ut med dette i tankane. Det er då ikkje til å unngå atmange av låtane kjem frå eit av rockens aller største singer/songwriter-prosjekt;Crosby/Stills/Nash & Young.

Remember When har gjort stor suksess på ei rekke festivalar og klubbar rundt i landet med sinsæreigne stil. Konsertane sin variasjon og høge musikalske kvalitet har ført til eit særs fornøgd og trufast publikum. Dei held konsertar både åleine og saman med andre artistar, som Olav Stedje og Frode Alnes.

Denne gongen har dei arrangert musikken på ny, og involvert både strykarane i Ålesund strykekvartett og den fantastiske, japanske fløytisten Yuri Hashimoto.

Remember When sine mange strengar vert traktert av:

Alf Terje Farstad - bass, gitar, song

Bjørn Ivar Helgesen - gitar, munnspel, song

Miki Campins - perkusjon

Stefan Olsen - gitar, mandolin, banjo, dobro, lapsteel og song

Stad
Storfjord Kulturhus
Øyna 1
6201
Stranda
Kommune: