ADecrease | ANormal | AIncrease |
Current Size: 100%
Det vokalsterke bandet Remember When har hatt stor suksess med denne konserten. No kjem dei til Fosnavåg og har med eigen strykevartett
Remember When har veksla mellom å jobbe åleine og saman med etablerte artistar, som for eksempel Frode Alnæs og Olav Stedje. I vår oppstod eit samarbeid med Ålesund Strykekvartett og den dyktige fløytisten Yuri Hashimoto, og det gav meirsmak. Etter fleire utselde konsertar er det no duka for ein ny runde.
Strykarane er ei gruppe meritterte, profesjonelle strykarar samansett for anledninga.
Øyvind Aspenes Robak, fiolin
Ove Kvangarsnes, fiolin
Anna Ostachowska, bratsj
Samuel Skrede, cello
Yuri Hashimoto er ein Japansk profesjonell fløytist som har fortid frå m.a. Kunitachi College of Music, Det Kgl. Danske Musikkonservatorium og Swedish National Orchestra Academy før ho kom til Ålesund.
Møtet mellom klassisk musikk og viserock opnar for ei spennande, ny utgåve av musikken Remember When er kjend for. Saman vil dei presentere amerikansk singer/songwriterkunst på sitt beste, med hovudvekt på supergruppa Crosby/Stills/Nash & Young som er kjend for sine fantastiske vokalharmoniar. Akustisk breidde, fleirstemt song og klassiske harmoniar er ingrediensane i kveldens konsertoppleving.
Remember When er:
Alf Terje Farstad: Song, bass, gitar
Miki Campins: Perkusjon og Strykearrangement
Bjørn Ivar Helgesen: Song, gitar, munnspill
Stefan Olsen: Song, gitar, mandolin, banjo, Dobro lapsteel, pedal steel-gitar
Dato | Kva |
---|---|
04 feb |
Eva Weel Skram Herøy kulturhus |
05 feb |
Hest, fest og heimlengt! Herøy kulturhus |
11 feb |
Marion Ravn Herøy kulturhus |
19 feb |
Morten Abel Herøy kulturhus |
20 feb |
12 gode råd - Bård Tufte Johansen og Atle Antonsen Herøy kulturhus |
05 mar |
Arild Andersen Group Herøy kulturhus |
07 mar |
Oppdrag Mottro: Linda Eide Herøy kulturhus |
10 mar |
Bernhoft solo Herøy kulturhus |
Kulturnett Møre og Romsdal, Kirkegt. 10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund. Sentralbord : 40618600, Kulturnettkoordinator: 91625091. Epost: kulturnett@ikamr.no