Rigmor Gustafsson

Rigmor Gustafsson. Fotokilde: Ørsta Kulturhus.
Rigmor Gustafsson. Fotokilde: Ørsta Kulturhus.
Onsdag, 11 november, 2015 klokka 19:30

Rigmor Gustafsson har heile verda som sin arbeidsplass, og turnerar mykje med sin eigen trio. Ho opptrer også som gjesteartist i større konstellasjonar. Ho har medverka i eit fleirtal av TV-program både i Sverige og internasjonalt. Rigmor har også motteke mange prisar i løpet av åra, og i 2013 vart ho tildelt den mest prestisjefylte svenske jazzprisen av dei alle: "Kungliga Musikaliska Akademins Jazzpris".

No er Rigmor aktuell med det nye albumet "When You Make Me Smile", hennar sjette album på det tyske plateselskapet ACT.
Det er innspelt med Dalasinfonietten og Eagle- Eye Cherry bidreg som gjest på ein låt. Rigmor har skrive nesten alt av musikken på albumet.
Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: 
Tema: