Riksteatret - BIKUBESONG

Eier av foto: Det Norske Teatret.
Laurdag, 5 oktober, 2013 klokka 19:00

Ønskereprise med dei originale karakterane

Midt i industristaden Odda, ligg «Murboligen»; ei
bustadblokk som konkurrerer med dei bratte fjella
som stuper ned i Sørfjorden. Der let forfattaren
Frode Grytten ulike skjebnar spela seg ut og veva seg saman i den fl eirstemte, fargerike og prisløna romanen Bikubesong. Den var igjen grunnlaget for Lasse Kolsruds dramatisering og oppsetjing.

I jubileumsåret 2013 har Det Norske Teatret i samarbeid med Riksteatret bestemt seg for å pusse støvet av ein av dei største suksessane nokon sinne i Scene 2s historie, nemleg Bikubesong. Teaterframsyninga stod på programmet i over tre år, og Kolsrud fekk både Kritikarprisen og Heddajuryens debutantpris.

Stad
Parken Kulturhus
Kommune: