Rita Eriksen - Songbird

Rita Eriksen. Pressebilete.
Rita Eriksen. Pressebilete.
Laurdag, 10 november, 2018 klokka 19:00

Den Store Stemma står i fokus når Rita Eriksen syng seg inn i Eva Cassidy sitt sjelfulle, musikalske univers.

I denne konserten får vi endeleg oppleve Rita Eriksen sitt fulle register – slik heile Norge stemte henne fram som den første vinnaren

av NRK sin Stjernekamp.

Med si klokkeklare røyst bergtok Eva Cassidy ei heil verd med sine tolkingar av nyare amerikanske klassikarar

frå 1960-, 70- og 80-talet. Rita Eriksen er ei beslekta sjel. Ho vaks opp i same tiår som Eva Cassidy og har henta

inspirasjon i det same musikalske landskapet – frå soul til blues, folkemusikk til pop.

Bunde saman med parallellar frå sine respektive liv og musikalske forbilder byr Rita Eriksen i denne konserten på

klassikarar som Fields Of Gold, Over The Rainbow, God Bless

The Child, What A Wonderful World, Time After Time, Autumn Leaves og selvsagt Songbird.

Stad
Storfjord Kulturhus
Øyna 1
6201
Stranda
Kommune: