Robbel & Beat - konsert med CorSonus

CorSonus. Plakat.
CorSonus. Plakat.
Søndag, 23 april, 2017 klokka 18:00

CorSonus er no klare for å servere deg ein konsert der dei vil formidle robbel og bit av det som står på den musikalske menyen. Koret kan by på ein kveld med melodiøse, harmoniske og energifylte musikkopplevingar! Dei ulike sjangerane du kan forvente deg er populærmusikk, folketonar, viser og tradisjonsmusikk. Koret tel 39 damer i sin beste alder, alle med ulik musikalsk bakrgrunn og dei er drivande dyktige!

Med seg på scena har dei følgande musikarar:

Leiv Arne Nydal - fiolin 
Leiv Arne er ein svært dyktig fiolinist frå Hareid. Han storkosar seg med musikken og har ei stødigheit og ein velkjend "snert" på fiolinen som ein berre kan nyte.

Børre Lervåg Dalhaug - slagverk 
Børre er ein profesjonell slagverkar frå Ålesund. Han har traktert trommesettet så lenge han kan hugse. Mest kjend innan sjangeren jazz, men også allround. Han er skikkelig groovy!

Kristian Lade - piano 
Kristian frå Sykkylven er ein mykje brukt pianist i storbandmiljøet og trakterer tangentane t.d. i Big Odd Band.

Bjørn Helge Lervåg - bass
Bjørn Helge er en svært erfaren og allsidig bassist frå Ålesund. Han har fartstid frå ei rekke band, dei mest kjende er "To tette og ei badehette" og "Horizons Project", der sistnemnde er plateaktuell i desse dagar.

Musikalsk leiing av Iris Kristine Tangen Nanseth:
Iris kjem frå Hjørungavåg og har dirigert koret sidan oppstarten sept 2015. Ein ambisiøs dirigent som veit kva ho vil ha og leiter etter det beste i kvar korist. Ho presiserer at songarane stadig skal oppnå nye mål som heilheit i tillegg til å utvikle seg sjølv. Musikalsk glede, klang og presisjon er stikkord ho ynskjer skal vere dei sterkaste verkemidla når koret formidlar musikk.

Billettar

NB! KUN FØREHANDSSAL AV BILLETTAR

Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken på Sjøborg kulturhus. Du kan også kjøpe billettar ved Circle K, Hareid. Berre kontant betaling.

Billettpris 
Voksne kr 220,-
Barn kr 120,-

Stad
Hareidhallen
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: 
Tema: 

Kommentarar

Denne konserten skal vere i Hareidhallen i Hareid Kommune

Sider