Rocksøg

Laurdag, 26 mai, 2012 klokka 18:30:00

Konsert med Pelbo, Trøtte typer, Batteri og lokale band

Med den noko utradisjonelle besetninga tuba, trommer og vokal, tilsett loopstasjonar, fuzzpedalar og elektronikk representerer den unge trioen Kristoffer Lo, Trond Bersu og Ine Kristine Hoem i Pelbo frå Trondheim noko nytt, merkverdig og spennande i norsk rock og jazz. Pelbo gir som regel alle som møter dei ei musikalsk oppleving dei aldri gløymer. Dagbladet beskreiv debutplata «PELbO» i 2010 slik: «Vilt, tøft og energisk fra sjangerignorant trio. Dristigheten får sin belønning på et album som har noen sjeldne fysiske og sanselige kvaliteter. Musikk som er på hogget, fra start til mål».

PELbO er tidlegare vinnarar av Young Nordic Jazz Comets og Zoom Urørt Finalister.

Batteri er kameratgjengen med tenåringar frå Surnadal, som allereie har opplevd mykje i musikalsk samanheng.
I 2008 kom dei på andreplass i MGPjr, noko som førte til speleoppdrag landet rundt og utgjeving av debutplata «Batteri». I vår har dei slept plate nr. to, «Elementa», som er sjølvlaga og -produsert ogresultatet av uttallege timar med vidareutvikling og finpussing av Batteri-stilen, no ikledd nynorsk språkdrakt. «Elementa» har vorte særs godt motteke av både publikum og presse: Avisa Tidens Krav oppsummerte slik: «Jeg har ingen bås å sette Batteri i. Dette er musikalsk løsdrift, detaljert og velspilt. Tidvis komplisert. Likevel er det fengende, og det er umulig å ikkje bli revet med av
energien».

Batteri vann før jul «Bandkrieg» i Trondheim, og 18. mars kom dei på 5. plass blant 80 band i landsfinalen av GBOB i Oslo. Bandet består av Stein Boge (gitar), Brage Kristian Einum (tangent), Hans Olav Settem (vokal, gitar), Sondre Skogseth (bass) og Oddbjørn Sponås (trommer).

Stad
Surnadal Kulturhus
Surnadal Kulturhus
6650
SURNADAL
Kommune: