Roy A. Dahl, gjesteutstillar på Galleri EogE

Alle rettigheter Roy A. Dahl.
Laurdag, 22 november, 2014 klokka 00:00
Søndag, 23 november, 2014
Måndag, 24 november, 2014
Tysdag, 25 november, 2014
Onsdag, 26 november, 2014
...og vidare enda fleire datoar.
Vis/skjul alle datoar

Då er det klart for ny gjesteutstilling med den populære kunstmalaren Roy A. Dahl frå Langevåg. Sist EogE hadde gjesteutstilling med Dahl vart mange av godbitane fort revne vekk, så det er lurt å være tidleg ute.

Dahl er fast utstillar på galleri EogE, men stiller no med rundt 30 nye maleri i gjestegalleriet. Fleire av landskapsmaleria er lokale motiv, sida Dahl har røter i Herøy.
No er han vel mest kjend for skildringane sine av personar i kvardagssituasjonar. Vakre stemningsfulle maleri malt med breie penslestrøk som får fram akkurat den rette stemninga og bevegelsane.
Maleteknikken og stemninga i maleria til Dahl blir stadig beundra her i galleriet.

Dahl ser det vakre i kvardagsmotivet, sjølv ei rufsete kråke blir flott i maleria hans.

Dahl vil sjøl vare å treffe på galleriet opningsdagen. Opnar kl. 1000 22. november.

Velkomen.

Stad
Galleri EogE
Kommune: 
Kategori: