To Rustne Herrer - Hvis helsa holder - The Show

To rustne herrer. Pressebilete.
To rustne herrer. Pressebilete.
Fredag, 25 november, 2016 klokka 19:30

Ole Paus og Jonas Fjeld er tilbake som To rustne herrer og feirar sitt 20-årsjubileum med nytt show.

22. september 2016 er det duka for storslått premiere på Chat Noir i Oslo. Deretter tar herrene med seg gitarane på turne land og strand

Mykje har skjedd sidan 1996. Blant anna har vi fått mobiltelefonar, internett og strømming av musikk. Men det hindrar ikkje to av Noregs ubestridte musikalske storleikar frå å tørke støv av gamle songar og gitarar. I tillegg er duoen allereide i gang med å skrive nye songar saman.

Kvar for seg har dei bak seg eventyrlege karrierer og har sunget seg inn i den norske folkesjela. Og begge har dei fått stadfesta sin posisjon som landets største låtskrivarar gjennom nytolkningane i «Hver gang vi møtes» på TV2. 

Ole Paus (68) har vore med på heile 42 plateutgivelsar sidan 1970, og annonserte i 2013 at han legg opp som plateartist. Han blei i 2015 innlemma i Rockheims Hall Of Fame.

Jonas Fjeld (63), som eigentleg heiter Terje Jensen, har sidan 1972 lagt bak seg ei betydningsfull diskografi både med Jonas Fjeld Band og som soloartist. 

Som To rustne herrer har duoen gitt ut «To rustne herrer» (1996), «Damebesøk» (1998) og «Tolv rustne strenger« (2003).

Velkomen til ei strålande aften med to rustne herrar som ønsker å røre, få deg til å le, gråte og klaske hendene saman i rein begeistring - hvis helsa holder

Kvifor ikkje kombinere denne framsyninga med årets julebord? 

Stad
Fosnavåg konserthus
6091
Fosnavåg
Kommune: